fredag 7. august 2009

Prisen på en jøde

av Roald Helgheim
Dag og tid, 22. nov 2003
(utdrag)

Ekteparet Feldmann kom til Noreg i 1911, på flukt frå jødepogroma i tsar-Russland. Det byrja å brenne under føtene på kjøpmannsfamilien då adoptivsonen deira 23. oktober 1942 vart arrestert etter ein episode på Halden-toget, der ein norsk grenspolitimann vart skoten då han heldt på å avsløre og stogge flyktande jødar (adoptivsonen vart seinare sendt til gasskammera).

I Dagbladet 27. august 1947 lyder ein av titlane: «Ekteparet Feldmann ble slått ihjel så humant som mulig». Det er ikkje Dagbladet sine ord, men forklaringa til ein av dei tiltalte. Dei vart slegne i hel med køller, fråstolne pengar og andre verdisaker og senka i Skrikerudtjern ved hjelp av tunge steinar bundne fast til kroppen.

Men for Hasselknippe [redaktør i VG]* var dei [tiltalte] soldatar: «Forskjellen på krig og fred er jo nettopp at soldaten i krig har rett og plikt til å ta menneskeliv.... Nå skrikes det opp om ansvarsløshet. Vi må da få lov til å rette et spørsmål til dem som skriker høyest: Hvor var du da kampen raste som verst? Skulle du ikke i stedet takke din Skaper for at du ikke i 1942 måtta ta slike voldsomme avgjørelser og sette dem ut i livet?»

Spørsmålet «Hvor var du?» fekk eit bitande svar frå Leo Eitinger: «I Auschwitz»!

Dei [tiltalte] vart dømde for underslag av 12.000 kroner som dei i open rett vedgjekk å ha stole.**

*Oskar Hasselknippe var leiande motstandsmann. Helge Motzfeldt (flyktningesjef i Heimefronten) og andre motstandsmenn var kronvitne for dei tiltalte.

**Quisling var dermed den einaste nordmannen som vart dømt for drap eller medvirkning til drap på omlag 730 norske jødar. Gestapisten Wagner vart også dømt til døden for deportasjonen av jødane, dommen seinare omgjort til tidsavgrense fengsel.

--------------

Feldman-saka er grunnlag for spelefilmen Over grensen, men alle namn måtte endrast fordi drapsmennene truga med rettssak.

Ingen kommentarer: