søndag 25. oktober 2009

Aforismer fra 00-tallet

Nils Rune Langeland er en morsom, men uklar essayist. Passer derfor best i små doser, her fra hans bidrag (9.okt) til Morgenbladets serie om 00-tallet (tiåret vi er på vei ut av):


  • På 00-talet er det modne sosialdemokratiet ein sinnstilstand og ikkje ein politisk ideologi. Det fyrste sikre teiknet på det er ein ny art som dukka opp overalt i dei meiningsberande fora: retro-sekstiåttarane. Det er 27-åringar som heilt naivt meiner det same foreldra deira gjorde i 1977.

  • Makta åt LO gjer at lønnsmottakarane står nærare trygdeproletariatet enn dei rike som får leve i fred i eigne reservat.

  • Sanninga er at Dagbladet aldri har vore større. Det er berre det at Dagbladet i dag fordeler seg på 4-5 aviser.

  • Sosialdemokratiet har skaffa seg si eiga mellomklasse. I denne familieretta lønnstakargruppa av funksjonærar er ei såkalla utdanning mest for å kunne sitje på eit varmt kontor medan ein ventar på å hente ungane i barnehagen.

  • Jens Stoltenberg og Jonas Gahr Støre liknar meir på kloke, høgtidssame biskopar enn politiske førarar.

Erkebiskop Jonas.

Ingen kommentarer: