tirsdag 9. juni 2015

Bevæpning virker ikke

Thomas Hegghammer har, saman med to andre forskarar ved FFI, studert 76 planlagde og utførde terroråtak i perioden 2001-14. I studien kom dei fram til at dei fleste hendingane var av ein slik karakter at væpna politi ikkje kunne ha stogga dei, i følge Dag og Tid.

- I studien såg me at overraskingsmomentet i dei fleste hendingane var for stort til at væpna politi kunne ha stogga åtaka. 55 av dei 76 hendingane nytta bomber, og 4 av dei forgifting, og slike åtak kan ein ikkje stogga med handvåpen. 5 av åtaka nytta kniv eller øks i åtak mot einskildpersonar, og i slike tilfelle er åtaket over innan politiet kjem fram til åstaden, sier Hegghammer til Dag og Tid.

- Vår forsking syner at generell væpning sjeldan har avgrensa effekten av eit terroråtak, medan punktvæpning ofte har det, til dømes i åtaket mot parlamentet i Ottawa eller i åtaket mot Krudttønden i København i januar. Politiet må vera til stades når åtaket byrjar for at væpninga skal ha effekt, og det er dei ved punkttrygging. Difor er eg positiv til utplassering av væpna vakter ved Stortinget og andre særleg utsette mål, men skeptisk til generell væpning som terrortrygging.

Ingen kommentarer: